Haglsundet (ANB): Politiet fekk storfangst i Haglsundet i Hordaland i formiddag.
[Nordhordland] Dei er godt i gang med å fylla dekket på ein av kranbåtane til selskapet Inseatech.
På havbotn i Haglsundet finst det nemleg meir enn fisk og sjøstjerner.
Klokka 11.45 torsdag føremiddag vart den første av det som kan vera opp mot ti dumpa bilar heist opp frå havbotn like under Hagelsundbrua.
Ein kraftig kranbåt er hyra inn til å ta jobben, og dagens første fangst bestod av ein sølvgrå franskmann på gode 1100 kilo.
Omgrepet storfangst vert brukt i både tide og utide når det gjeld ting som er drege opp av havet, men i dette tilfellet er det i alle fall ikkje ei overdriving.
Politiet utelukkar ikkje at bildumpinga, som etter alle solemerke har skjedd frå Knarvik-sida av brua, kan vera organisert. (ANB)