Dagens studiefinansiering er altfor dårleg og studentar får generelt for lite utbetalt . Eit av dei største problema med dagens ordning er likevel at studentar berre får utbetalt studielån i 10 månader.
Den siste utbetalinga frå Lånekassa kjem i dag 15. mai og pengane er dermed meint å vara til 15. juni. Diverre legg studiestadane opp til at eksamensperioden varar lenger, i mange tilfelle er ikkje eksamenstida slutt før 20. juni. Dette fører til at studentane kjem seinare i gang med sommarjobben og som oftast kjem ikkje første lønnsutbetaling før i juli eller august. Det er også mange som betalar husleige i sommarmånadane, og då seier det seg sjølv at for somme vert juni og juli økonomisk tøff.
Senterungdommen ønskjer difor å innføra den 11. månaden med studiestøtte. Den skal bli utbetalt i midten av juni. Me trur den vil vera eit viktig skritt på vegen for å gje studentane ein lettare økonomisk kvardag.
Anders Linga
Sentralstyremedlem i Senterungdommen
Lokale nyheter Mor og to barn i ambulanse til Sandnessjøen sykehus. Les mer